Kyrakort

Kyrakort
Gunilla Holm Platou

onsdag 10. desember 2014

Oppteljing til jul - del X - badekyr

 
 Det måtte verte to bilete i dag, sidan det er 3 store og 7 mindre kyr! 
 
På eit toalett hjå vener i Jeriko tok eg bilete av ei kyr som var toalettrullhaldar -
eg plar ikkje ta bilete på toalett - !

Toalettrullhaldaren min fekk eg seinare av ei venninne som hadde vore på utanlandsferie,
ho hadde ikkje sett biletet eg hadde frå Jeriko

At dei er identiske, reknar eg som eit sett av utrulege tilfeldigheiter!
Ei sannsynlegheitsberekning av noko slikt,
vil gjere sannsynlegheita for at eg vinn nokre millionar i Lotto ganske høg.

Toalettveska og kroppsskrubben (den har strikka grovare overflate på ryggen!)
er også gåver.
 4 såper, to neglebørstar og ein tannbørstehaldar.
 
Kyr har vorte kommersielle dei siste åra,
eg kjem seinare til å vise at eg har gamle kyr også!
 
Fleire av kyrne er handla av vener på tur i utlandet.
 
Den 10. desember i 1901 vart den første Nobelprisen vart delt ut,
elles vil alltid dagen vere knytt til
Aasta Hansteen, Emily Dickinson og Christer Fuglesang. 
 
Vi drakk te og åt svært kortreist frukt
ein varm, vakker og mørk oktoberkveld i 2009.
Vi sat vi på ein veranda med lydar frå nabolaget og ein fjern minaret.
 
Det var denne toalettpapirpå toalettet i huset hjå dei vi vitja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar