Kyrakort

Kyrakort
Gunilla Holm Platou

tirsdag 9. desember 2014

Oppteljing til jul - del IX - av dei aller minste

 

Smykker, det eine laga av syskebarn Gyda, det andre handla hjå sølvmakaren vår i Jeriko
og øyredobben handla eg på Røros.
Mobilpynten i midten kom han hin med frå Hannover.
Dei bittesmå glaskyrne fekk eg av Mor og dei to nederst i midten er handla i leikebutikk.
Bittesmå kyr er både lett pynt og lette reiseminne.
Det er gjerne ei historie knytt til alle.

Dagen vil alltid vere knytt til starten av den første intifadaen i Jabalaya i Palestina,
og ein av våre markante motstandsmenn Max Manus vart fødd for 100 år sidan.

Det er i følge tradisjonen ein særs god dag for klesvask og ølbrygging.
Det var forventa nedbør, difor namnet pissihose.

Eg har sett på vaskemaskina og det er lova både nedbør og vind idag.
På primstaven er dagen merka med eit kvinnehovud, eller ei kanne, grein eller eit kors.
Dagen er knytt til Anna matris Mariaae - mor til jomfru Maria.
Andre namn på dagen frå ulike landsdelar er
Anna røytrauv, Anna pissihose og Annadagen.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar