Kyrakort

Kyrakort
Gunilla Holm Platou

mandag 8. desember 2014

Oppteljing til jul - del VI - liggande svarte og kvite kyr.

I dag vart kategorien liggande svarte og kvite kyr.
Det var like før det vart kyr med lyd -
men der melde det seg fleire kyr til oppteljing ein annan dag.
 
- og sidan eg ikkje rakk å leggje noko ut på laurdag, kan det
kan det vere greitt å vite litt meir neste år. 
Etter primstaven er det Nilsmesse, Nikolausdagen eller Sankt Nikolas-dagen.
Dagen vert i ortodokse og katolske kyrkjer feira til minne om Sankt Nikolas.
Merket på den norske primstaven er ei bispehue, bispestav eller bokstaven «N».
Den hellige Nikolas var biskop i Myra i Tyrkia og døydde midt på 300-talet.
Han var mellom anna dei sjøfarande sin helgen,
etter Nilsmesse skulle ikkje noko skip legge frå hamna.
Andre legender fortel at han gav gåver til dei fattige.
Dette er ein av grunnane til tradisjonen om St. Nikolas som
julenissen som gjev borna gåver til jul.
I Noreg var det tradisjon for å lage eller reparere sko på Nikolausdagen.
Nilsmesse vert feira i Nederland og Belgia, særleg kvelden før, dvs. på Nilsmesseaftan,
då kjem St. Nikolas som Sinterklaas og hjelparen Zwarte Piet med julegåver til ungane.
I Tsjekkia og Solvakia vert han feira som Mikuláš, elles i austlege del av Europa også i ulike versjonar av namnet med der M er første bokstav.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar